Muvatnet og Flåkjenna rundt

Generell info

Ein tur utan dei store utfordringane i lett fjellterreng på gode stiar. Det er saufjell på heile turen i over 1000 m høgde og avhengig av veret så krev det gode vindtette klede dei fleste dagar i året.

Turen startar langs simpel bilveg og fortsett på godt råk til Flåtjønn. Derifrå på sauråk i lett terreng til Flåtjønnglupen. Til Ramshytta er det godt råk på nedsida av Ramstindane og vidare til R27 går vi langs bilveg

Start: Ved avkjøringa frå R 27 til Mubua ved Mybrua like før parkeringa ved Muen.

Lengde: Omlag 15 km, tidsbruk 4t.

Kart: Ringebu 1818 III

Tema

Fiske i fjellvatn.
Muvatnet og Flåtjønn er av dei beste ørretvatna i Ringebu-fjellet med eldgamle tradisjonar om fisket. Det blir ei historisk orientering og smaksprøver.

010Dyregrav Bånskardet 

Fangst.
I Bånskardet er eit av dei mange godt bevara samlinger av dyregraver i Ringebufjellet. Kva veit vi om denne fangstmåten av rein her i bygda?

Utsikt mot Rondane.
Frå Flåtjønnglupen har vi ei storslagen utsikt over «villreinens rike» mot Rondane. Godt håp om å sjå villrein.

Botanikk og geologi.
Dette er eit av dei få områder i Ringebufjellet der kalk fjellet stikk fram i dagen. Dette gir området ein sesielt frodig fjellflora med mange karakeristiske planter.

Beitebruk.
Vi legg turen om Ramshytta som er basen for ei av landets eldste og største fellesbeiter for sau. Tradisjonen går meir enn 150 år tilbake.

Samferdsel.
Sambandet til Østerdalen har vore livleg til alle tider over Ringebufjellet. Det er restar etter vegar frå ymse tidsbolkar og til ymse formål, m.a. etter korntransport til gruvesamfunna på Røros og i Folldal.

011Mubua mot Muen
   
   

ringebunatur logo

Du er her: Home Muvatnet og Flåkjenna rundt