Dørdalen

Generell info

Dørdalen er ein av sidedalane som til slutt samlar seg til Våla elv med utløp ved Vålebrua. Dalen er rekna for å vera Gudbrandsdalens største canyon. Den dannar ei djup revne i landskapet, og mye av dalen har barskog som etter kvart ber preg av urskog. Men dette er kulturlandskap som bygdefolket har brukt i fleire hundre år, og som ein ser minne etter. Turen går langs elva i tildels grovt terreng som krev godt fottøy og noenlunde kondisjon.

Vi går langs Døra på dårlege råk og er avhengig av å krysse elva fleire gonger. Avhengig av vassføring så brukar det gå greit. Gjennom Dørdalsberga er ein avhengig av lite vatn for å kome fram. Turens lengde avpasses etter føre og kondisjon på gruppa. Tilbaketuren langs same rute.

Start: Vi kjører bil frå Ringebu sentrum, innover Stulsvegen og Døråmotvegen (bomvegar) til Døråmot.

Lengde: 8 km

Kart: Ringebu 1818 III

012Dørdalen

Tema

Landskapet og naturen er svært spesiell til å vera i Gudbrandsdalen med stupbratte lier 2-300 m opp på fjellplatået. Her er urørd natur og ein frodig flora.

Slåtteland.

Her er 300 år gamal tradisjon om utslåttar som ein fortsatt kan sjå restar etter.

Fangst.

Området er eit eldorado for hjortedyr, som igjen har lokka dei store rovdyra til dalen. Vi ser på fangstanlegg og jakthusver ved Døråmot og på Kvanndalstunga.

 014Bjønnbua

Botanikk.

M.a. Fjellkvann (Angelica) er ei karakteristisk plante i dalføret som har gitt Kvanndalen namn. Frå gamalt ei kulturplante nytta som medisnplante og i matstellet.

Sagn.

I eit så dramatisk landskap har det vore dramatiske hendingar attover i tida. Kor mye som er faktiske hendingar eller dikt kan vera vanskelg å vita idag.

 013Fjellkvann

 

 

 

 

ringebunatur logo

Du er her: Home Dørdalen